IUCN statusrapport 2025
Korleis IUCN, UNESCO sitt rådgjevande organ vurderer bevaringsutsikter for området.
Status og truslar Vestnorsk fjordlandskap - IUCN World Heritage Outlook
| Bevaringsutsikter: | God, med nokre bekymringar |
| Noverande tilstand og utvikling: | Låg grad av bekymring |
| Samla trusselnivå: | Høgt |
| Vern og forvaltning: | I hovudsak effektiv |
(Oversikt over status og truslar er ei omsetting av samandrag frå IUCN sin offisielle oversiktsrapport.)
2025 Conservation outlook (Bevaringsutsikter sett under eitt)
God tilstand med nokre bekymringar
IUCN fann i 2022 at verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandska er i god tilstand. Generelt har bevaringstilstanden ikkje blitt forringa sidan innskrivinga på UNESCO si verdsarvliste i 2005. Dette skuldast i hovudsak eit godt implementert juridisk vern, eit tilfredsstillande forvaltningssystem og det faktum at ein stor del av eigedomen består av mindre tilgjengeleg fjellterreng.
Det er likevel bekymring for at bevaringstilstanden er utsett for aukande press og allereie kan vere svekt som følgje av utvikling i dei meir tilgjengelege delane av eigedomen. Grunnlaget for denne bekymringa er auken i mineralutvinning, trafikk, besøkande og tilhøyrande utbygd infrastruktur, slik dette er rapportert av områdeforvaltarane, representantar frå kommunane, regionale styresmakter og gruveselskapet.
Sonedelingsmekanismen i dei gjeldande forvaltningsplanane er eit godt rammeverk for å handtere desse utfordringane. Ved revisjon av forvaltningssonene bør målet vere å styrkje ei berekraftig bereevne i heile eigedomen, og særleg i område der det er spenningar mellom brukargrupper.
Det ville vere fordelaktig med ein meir harmonisert tilnærming til forvaltninga generelt, til dømes gjennom utvikling av ein felles forvaltningsplan for heile eigedomen eller i det minste ein felles visjon og strategiske mål.
Noverande tilstand og utvikling for verdiane
Låg grad av bekymring
IUCN fann i 2022 at status for verdsarvområdet er god. Generelt har bevaringstilstanden ikkje blitt forringa sidan innskrivinga på UNESCO si verdsarvliste i 2005. Dette skuldast i hovudsak eit godt implementert juridisk vern, eit tilfredsstillande forvaltningssystem og det faktum at ein stor del av eigedomen består av mindre tilgjengeleg fjellterreng.
Det er likevel bekymring for at bevaringstilstanden er utsett for aukande press og allereie kan vere svekt som følgje av utvikling i dei meir tilgjengelege delane av eigedomen. Grunnlaget for denne bekymringa er auken i mineralutvinning, trafikk, besøkande og tilhøyrande utbygd infrastruktur, slik dette er rapportert av områdeforvaltarane, representantar frå kommunane, regionale styresmakter og gruveselskapet.
Samla trusselnivå
Høg trussel
Samla påverknader knytte til mineralutvinning, båt- og vegtrafikk og turisme er ei aukande utfordring for Vestnorsk fjordlandskap. Med fleire pågåande utviklingsprosjekt og mange nye initiativ under planlegging, geografisk spreidde på begge delområda, tilrådde den siste IUCN-kommisjonen at ei strategisk miljøvurdering (SEA) for heile eigedomen ville vere eit nyttig verktøy for å møte denne utfordringa.
Det er stor sannsynlegheit for samla påverknader frå eksisterande og potensielle utviklingsprosjekt. Presset på eigedomen som er omtalt ovanfor kjem hovudsakleg frå aktivitetar og utvikling i dei busette delane av eigedomen (1,4 % av eigedomen) og fjorden (9 % av eigedomen).
Land- og sjørutene går likevel gjennom heile Vestnorsk fjordlandskap, og som følgje av dette kan ikkje effektane av auka trafikk og turisme skildrast som avgrensa.
Det auka presset på eigedomen sidan innskrivingstidspunktet har derfor truleg påverka den intakte naturlege landskapskarakteren negativt (til dømes gjennom forureining, støy, forstyrring av dyreliv og inngrep i naturområde), og dermed sannsynlegvis svekt landskapsverdien.
Sjølv om presset frå turisme varierer sterkt gjennom året, med den høgaste toppen i løpet av tre sommarmånader, kan påverknaden på OUV (Outstanding Universal Value – framifrå universell verdi), og særleg dei naturlege attributtane, ha langsiktige konsekvensar.
I tillegg er den rapporterte auken i mineralutvinning ei bekymring for den geologiske og geomorfologiske integriteten til verdsarvområdet.
Pågåande prosjekt og nye initiativ kan føre til endå større press på Vestnorsk fjordlandskap i framtida dersom dei ikkje forvalta på ein strategisk og effektiv måte.
Med bakgrunn i dette er det viktig at dei potensielle samla påverknadene av desse pressfaktorane på integriteten til OUV blir vurderte. Desse påverknadene må vurderast grundig opp mot OUV, inkludert kriterium (vii) og (viii), integritet, vern og forvaltning, og handterast deretter før det blir fatta avgjerder om pågåande og nye utviklingsprosjekt.
Vern og forvaltning
I hovudsak effektiv
Det finst forvaltningsutfordringar knytte til auka trafikk og fleire besøkande, i tillegg til konfliktar mellom ulike aktivitetar og brukargrupper.
Sonedelingsmekanismen i dei gjeldande forvaltningsplanane er eit godt rammeverk for å handtere desse utfordringane. Ved revisjon av forvaltningssonene bør målet vere å styrkje ei berekraftig bereevne i heile eigedomen, og særleg i område der det er spenningar mellom brukargrupper.
Det ville vere fordelaktig med ein meir harmonisert tilnærming til forvaltninga generelt, til dømes gjennom utvikling av ein felles forvaltningsplan for heile eigedomen eller i det minste ein felles visjon og strategiske mål.
Likevel er det samla sett vurdert at dagens vern og forvaltning i hovudsak er effektiv.
IUCN
IUCN står for International Union for Conservation of Nature (Den internasjonale naturvernunionen). Organisasjonen er eit nettverk innan naturvern og berekraftig forvaltning av naturressursar. Organisasjonen vart etablert i 1948 og samlar statar, styresmakter, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og ekspertar frå heile verda.
IUCN er UNESCO sitt offisielle rådgjevande organ. Det betyr at IUCN:
- vurderer område som blir foreslått til UNESCO si verdsarvliste
- gjennomfører faglege evalueringar og ekspertbesøk
- vurderer tilstanden til naturverdsarvområde over tid
- gir råd til UNESCO si verdsarvkomité om vern, forvaltning og utvikling
- utarbeider rapportar om bevaringsstatus og truslar
Når IUCN omtalar Vestnorsk fjordlandskap, er det derfor ei uavhengig internasjonal fagleg vurdering av korleis verdsarvverdiane blir tekne vare på.