UNESCO og verdsarven

Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på UNESCO si verdsarvliste i 2005 på grunn av dei unike naturverdiane i området. Som verdsarvområde er Norge forplikta til å ta vare på verdsarvverdiane og rapportere jamleg til UNESCO om tilstand, forvaltning og eventuelle utfordringar.

UNESCO (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Gjennom verdsarvkonvensjonen frå 1972 arbeider UNESCO for å identifisere, verne og ta vare på kultur- og naturarv som har særleg stor verdi for heile menneskeslekta.

Det er verdsarvkomitéen i UNESCO (World Heritage Committee) som har det formelle ansvaret for å følgje opp dersom verdsarvverdiane kjem i fare. Komiteen vurderer rapportar og faglege råd frå ekspertorgan og kan vedta tiltak, setje området på lista over verdsarv i fare, eller i ytterste konsekvens fjerne området frå verdsarvlista. Det daglege oppfølgingsarbeidet blir koordinert av UNESCO sitt verdsarvsenter (UNESCO World Heritage Centre), i samarbeid med fagorgan som International Union for Conservation of Nature (IUCN) og International Council on Monuments and Sites (ICOMOS).

Forvaltning av Vestnorsk fjordlandskap er organisert gjennom eit samarbeid mellom nasjonale, regionale og lokale styresmakter.