Regionale planar Vestland og Møre og Romsdal
Vestnorsk fjordlandskap ligg i Møre og Romsdal og Vestland fylke. Dei regionale planane i begge fylka er derfor ein viktig del av rammeverket for forvaltninga av verdsarvområdet.
Regionale planar blir utarbeidde av fylkeskommunane etter plan- og bygningslova og gir langsiktige mål og føringar for utviklinga i fylket. Planane skal bidra til å samordne innsatsen til fylkeskommunane, kommunane, staten og andre aktørar på område der utfordringar og interesser går på tvers av kommunegrenser og sektorar.
For Vestnorsk fjordlandskap er regional planlegging særleg relevant fordi verdsarvverdiane må sjåast i samanheng med utviklinga i eit større geografisk område. Arealbruk, natur- og vassforvaltning, kulturmiljø, klima, energi, transport, reiseliv og næringsutvikling innanfor og omkring verdsarvområdet kan påverke både landskapet og føresetnadene for langsiktig forvaltning.
Oversikt over regionale planar
Møre og Romsdal
Fylkesplan for Møre og Romsdal 2025–2028 er den overordna planen for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Fylkesplanen gir retning for mellom anna klima og miljø, verdiskaping, attraktive lokalsamfunn, kulturmiljø, transport og samfunnstryggleik.
For Geirangerfjordområdet er fleire regionale planar og strategiar særleg relevante:
Regional plan for vassforvaltning 2022–2027 gir miljømål og føringar for forvaltninga av elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn.
Fylkesstrategi for miljø, klima og energi gir retning for arbeidet med klima, naturmiljø, energi og grøn omstilling.
Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø av nasjonal og regional verdi er relevant for ivaretaking av kulturminne, kulturmiljø og landskap.
Andre regionale planar og strategiar for mellom anna arealbruk, transport, næringsutvikling og samfunnstryggleik kan også ha betydning for forvaltninga av verdsarvområdet.
Planoversikt Møre og Romsdal
Vestland
Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 er den regionale planstrategien for Vestland og gir overordna retning for samfunnsutviklinga i fylket.
Utviklingsplanen er særleg relevant for Vestnorsk fjordlandskap fordi han peikar på behovet for eit felles kunnskapsgrunnlag for heilskapleg forvaltning av Vestnorsk fjordlandskap. Dette understrekar behovet for å sjå Nærøyfjordområdet og Geirangerfjordområdet i samanheng og for å samordne kunnskap og forvaltning på tvers av administrative grenser.
For Nærøyfjordområdet er mellom anna desse regionale planane særleg relevante:
Regional plan for vassforvaltning 2022–2027 gir miljømål og føringar for forvaltninga av vassmiljøet.
Regional plan for klima 2022–2035 gir langsiktige føringar for klimaomstilling og klimatilpassing.
Regional plan for kultur 2023–2035 – Kultur bygger samfunn omfattar mellom anna kulturarv og kulturmiljø.
Regional plan for berekraftig verdiskaping 2022–2033 gir retning for nærings- og samfunnsutvikling og er relevant for utvikling av berekraftige næringar og lokalsamfunn.
Regional plan for fornybar energi 2023–2035 er relevant fordi energiproduksjon og energiinfrastruktur kan påverke areal, natur og landskap.
Regional plan for areal og mobilitet, som er under utarbeiding, vil gi overordna føringar for arealutvikling, utbyggingsmønster, mobilitet og infrastruktur.
Planoversikt Vestland