KUVA - Konsekvensutgreiing for verdsarvområde
KUVA (konsekvensutgreiing for verdsarv) er ein fagleg metode brukt i planlegging for å vurdere korleis tiltak kan påverke verdiar knytte til verdsarvstader.
Kravet om å utgreie konsekvensar for verdsarv trer i kraft når ein plan eller eit tiltak fell inn under reglane i plan- og bygningslova og KU-forskrifta, og samstundes kan påverke verdsarvverdiar. Dette gjeld både tiltak innanfor og utanfor verdsarvområdet dersom dei kan ha innverknad på Vestnorsk fjordlandskap sin framifrå universelle verdi (FUV/OUV). I slike tilfelle skal konsekvensane for verdsarven vurderast særskilt, i tråd med rettleiing frå UNESCO, som del av eller i tillegg til den ordinære konsekvensutgreiinga.
Utgreiinga skal dekkje alle relevante tema etter vanleg KU-metodikk, men i tillegg særskilt vurdere påverknad på den framifrå universelle verdien som ligg til grunn for verdsarvstatusen. Metodikken frå UNESCO skal brukast (ICCROM2022), og resultatet skal vere eitt samla dokument som oppfyller både nasjonale og internasjonale krav. Dersom tiltak kan skade FUV, kan det i verste fall føre til at området mistar verdsarvstatusen. UNESCO vurderer om dette er tilfelle.