Kommunale planar for verdsarvkommunane
Delar av seks norske kommunar utgjer til saman Vestnorsk fjordlandskap. I Geirangerfjordområdet har Stranda og Fjord kommunar areal innafor verdsarvområdet. I Nærøyfjordområdet finn vi kommunane Voss, Aurland, Vik og Lærdal.
Kommunane har dermed ei sentral rolle i forvaltninga av Vestnorsk fjordlandskap. Gjennom kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar fastset kommunane mål og rammer for samfunnsutvikling og arealbruk, både innanfor verdsarvområdet og i områda rundt.
Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen fastset langsiktige mål og strategiar for utviklinga av kommunen, medan arealdelen fastset korleis areala kan brukast og vernast. Arealdelen er juridisk bindande og er derfor særleg viktig i forvaltninga av verdsarvområdet.
For Vestnorsk fjordlandskap er også kommunedelplanar, reguleringsplanar og temaplanar innan mellom anna natur, kulturmiljø, landskap, klima, samfunnstryggleik, besøksforvaltning, reiseliv og transport relevante. Planane må sjåast i samanheng med dei nasjonale og regionale føringane og dei særlege omsyna som følgjer av verdsarvstatusen.
Geirangerfjordområdet
Stranda kommune
Stranda kommune sitt overordna planverk omfattar kommuneplanen sin samfunnsdel 2025–2035 og kommuneplanen sin arealdel 2020–2032. Kommunen har i tillegg kommunal planstrategi, temaplanar og reguleringsplanar. Samfunnsdelen omfattar mellom anna næringsutvikling, busetjing, samfunnstryggleik og beredskap og vern av naturressursar.
For verdsarvforvaltninga er arealdelen særleg viktig fordi han legg dei overordna rammene for arealbruk og nye tiltak i kommunen. Meir detaljerte føringar for konkrete område kan liggje i kommunedelplanar og reguleringsplanar.
Lekkje til gjeldande planar
Fjord kommune
Kommuneplanen sin samfunnsdel er det overordna styringsdokumentet for Fjord kommune. Til samfunnsdelen høyrer også ein overordna arealstrategi. Samfunnsdelen vart justert og arealstrategien vedteken av kommunestyret i november 2024.
Fjord kommune er samtidig inne i ei viktig fornying av arealplanverket. Gjeldande arealdel består framleis av fleire planar frå dei tidlegare kommunane Norddal og Stordal. Kommunen har arbeidd med ein ny, samla kommuneplan for areal som skal erstatte desse planane. Forslaget til ny arealdel var på offentleg høyring i 2025.
For verdsarvforvaltninga er dette planarbeidet særleg relevant fordi delar av Geirangerfjordområdet ligg i Fjord kommune, og fordi arealbruk utanfor sjølve verdsarvgrensa også kan påverke landskap, naturmiljø og utviklinga i lokalsamfunna.
Lekkje til gjeldande planar
Nærøyfjordområdet
Voss herad
Ny kommuneplan for samfunnsdelen vart vedteken 5. februar 2026. Samfunnsdelen har mellom anna mål om å kombinere vekst og vern, redusere klimagassutslepp og ta vare på naturen. Han inneheld også ein arealstrategi som skal vere bindeleddet mellom samfunnsdelen og arealdelen.
Gjeldande kommuneplan for areal 2020–2032 vart vedteken i 2020. Arealdelen er juridisk bindande og består av planskildring, plankart, føresegner og retningslinjer.
Voss herad arbeider no med ein ny arealdel. Arbeidet skal følgje opp samfunnsdelen og den nye arealstrategien, og omfattar mellom anna vurderingar knytte til arealnøytralitet og gjennomgang av eksisterande arealplanar.
Planoversikt
Lærdal kommune
Kommuneplanen sin arealdel 2023–2035 vart vedteken i september 2023 og gjeld for heile kommunen. Arealdelen samordnar behov for vern og utbygging og gir føresegner og retningslinjer for vidare planlegging og konkrete tiltak.
For verdsarvforvaltninga er arealdelen, saman med relevante regulerings- og kommunedelplanar, sentral for å vurdere arealbruk og tiltak som kan påverke natur-, landskaps- og kulturmiljøverdiar.
Planoversikt
Aurland kommune
Kommuneplan for Aurland kommune 2022–2033 er kommunen sin samfunnsdel. Klima og miljø er eit gjennomgåande tema, medan mellom anna attraktive og inkluderande lokalsamfunn, næringsliv og besøksforvaltning og samfunnstryggleik er definerte satsingsområde. Samfunnsdelen inneheld også ein overordna arealstrategi.
Dette gjer samfunnsdelen særleg relevant for verdsarvforvaltninga. Aurland har store delar av Nærøyfjordområdet og nokre av dei mest besøkte stadene i verdsarven, og samanhengen mellom besøksforvaltning, lokalsamfunn, natur- og kulturverdiar og arealbruk er derfor sentral i kommunen si planlegging.
Kommunen arbeider også med ny kommuneplan for areal. Planprogrammet for kommuneplanen sin arealdel 2024–2034 vart vedteke i 2022, og planarbeidet var framleis i prosess i 2026.
Planoversikt
Vik kommune
Planverket i Vik kommune er under arbeid. Vik kommune starta revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel i 2024, og planprogram for ny samfunnsdel 2025–2036 vart vedteke i februar 2025. Kommunen arbeider også med revisjon av kommuneplanen sin arealdel.
For verdsarvforvaltninga er det viktig å følgje desse prosessane, ettersom nytt overordna planverk vil leggje langsiktige føringar for arealbruk, natur- og landskapsforvaltning, næringsutvikling og samfunnsutvikling.
Planoversikt