Nasjonale lover, forskrifter og føringar

Forvaltninga av Vestnorsk fjordlandskap skjer innanfor eit omfattande nasjonalt rammeverk av lover, forskrifter, statlege føringar og retningsliner. Desse set krav og rammer for korleis natur, landskap, kulturmiljø og andre verdiar skal forvaltast, og for korleis arealbruk og tiltak skal planleggjast og vurderast.

Sentrale lover er mellom anna naturmangfaldlova, plan- og bygningslova og kulturminnelova. I tillegg kjem sektorlovverk og nasjonale forventningar, retningslinjer og føringar som kan vere relevante for forvaltninga av verdsarvområdet.

Dei nasjonale føringane skal følgjast opp gjennom regional og kommunal planlegging og i forvaltninga av verneområda. Saman med dei internasjonale pliktene som følgjer av UNESCO-konvensjonen, dannar dei eit viktig rammeverk for å sikre ei langsiktig og heilskapleg forvaltning av dei framifrå universelle verdiane i Vestnorsk fjordlandskap.