Kartportalar og verktøy

Det vert arbeidd med å legge til rette for nye og betre verktøy til hjelp for forvaltninga av Vestnorsk fjordlandskap. Her er ulike kartportalar samla på ein plass. 

GIS Link kartlag
Kartvisning i GISLink.

Kartportalar med tilpasningar til Verdsarv

I FylkesAtlas (kartportal for Vestland) er det oppretta ein tilpassa inngang for verneområda og verdsarvområdet i Vestland. Lekkja finn de under. Her er dei viktigaste kartlaga samla frå ulike nasjonale kartportalar og tilpasse behov i verneområde-og verdsarvforvaltninga. For å nytte kartlaga må de merke av det kartlaget de har behov for. 

I GISLink (kartportal for Møre og Romsdal) er det også gjort ei liknande tilpassing, men denne er litt vanskelegare tilgjengeleg og vi forsøker derfor å forklare nærare her: 

  • Trykk på "vis kartlagsliste" oppe til venstre.
  • Trykk på førehandsinnstilte lag heilt til venstre i margen - under ikonet for kartlagsliste.
  • Trykk på Vestnorsk Fjordlandskap - verdsarv. Merk at du då får opp alle kartlag som er relevante for Vestnorsk fjordlandskap.
  • Trykk så på ikonet for kartlag øvst til venstre i margen - dei aktuelle kartlaga er då førehandsvalgt. 
  • Når du no zoomer inn på eit område vil alle relevante kartlag for verdsarv kome opp. 
  • Du kan no til dømes trykke på arkfane øvst "Finn frem i kart" og vidare trykke på "Identifiser punkt" eller "identifiser flate". Då kjem ei liste over aktuelle kartlag fram. 
  • Det er også mange andre funksjonar i GISLink. Til dømes kan du lagre ditt eige innhald (sjå arkfane øvst.)